Me er klar for 5. runde med barnefestival i Etne søndag 17. november kl 11.00-16.00 på Skakke.
Følg med på facebooksida vår for siste oppdateringar
Englebarn & Bøllefrø er ein barnefestival i Etne med opplevingar for dei små – musikk, konsertar, litteratur, leik, mat, konkurransar og andre spennande aktivitetar.
Me vaksne set pris på kvalitet og me synest barna fortener det same. Me vil gi barna ein spennande dag med opplevingar dei vil hugsa.
Me er veldig glade for at Etne Sparebank også i år stiller som sponsor for Englebarn & Bøllefrø barnefestival. Utan denne støtta hadde ikkje festivalen sett dagens ljos. Tusen takk! Me set stor pris på det!